Av:
Stord sjukeheim
Publisert:
03.03.2010
Oppdatert:
23.06.2011
Avdelinga ligg i 2. etg i gamlebygget, og har plass til 15 bebuarar.
Avdelinga er delt inn i to grupper:
Gruppe Sør har 8 plassar for personar med kognitiv svikt og gruppe Nord har 7 plassar for personar med somatiske sjukdomar.
Kvar av gruppene har eige kjøkken/opphaldsrom. I tilknyting til gruppe Sør er det stor terrasse, tilgjengeleg for bebuarar i begge gruppene.
Avdelingssjukepleiar er Marit Hellebø Hetlesæter Tlf: 53 40 44 75
Vakttelefon i avdelinga: 53 45 45 40
Bebuarrom
Romma som vert nytta til korttidsopphald er møblert med gardiner, seng, nattbord, stolar og bord. Romma som vert nytta av faste bebuarar har kun seng, nattbord og gardiner. Vi ønsker at dei som bur her fast, har med seg både godstolen og ting dei set pris på frå heimen. Ei god leselampe kan vere viktig både for korttid og langtidsbebuarar. Det er fint om de nyttar rommet til bebuaren når pårørande er på besøk.