Av:
Stord kommune
Publisert:
28.04.2009
Oppdatert:
23.06.2011
På Knutsaåsen Omsorgssenter er det 46 plassar, organisert som omsorgsbustader.
Visjon
Knutsaåsen Omsorgssenter – kultur, trivsel og omsorg i kvardagen.
Overordna mål
- Knutsaåsen Omsorgssenter skal vera open og ein del av Stordsamfunnet.
- Alle som har heimen sin her, deira pårørande og alle andre som vitjar oss skal kjenna seg velkomne.
- Skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø.
- Ta vare på den enkelte bebuar sine fysiske og psykiske ressursar, ynskje og behov, ut frå grunnleggjande prinsipp i sjukepleie.
- Leggja til rette for at tilværet for bebuarane vert så nært opp til tidlegare livsførsel som mogeleg.
- Samarbeida med pårørande for å oppretthalda det sosiale nettverket til bebuarane.
- Utøva oppgåver av fagleg høg kvalitet overfor bebuarar og pårørande.
- Gje personar under utdanning gode læresituasjonar.
- Personalet har høg fagkompetanse.
Tilbod
46 rom med dusj og toalett til leige.
Individuelt tilpassa tenester av fagpersonale som er tilgjengelege heile døgnet.
Søknad og tildeling av plass/tenester
Søknad og tildeling av tenesta vert handsama av Kundetorget. Romma er umøblerte, og dei som får plass møblerer romma sine sjølve eller saman med pårørande.
Bebuarane dekkjer utgifter på same måte som om dei bur i eigen heim. I eigenbetalinga ligg betaling for husleige m/straum, mat, leige og vask av handklede/sengetøy og privattøy. Kommunen vaskar fellesrom etter faste satsar. Det er høve til å søkja om tekniske hjelpemidlar frå Hjelpemiddelsentralen.
Betalingssatsar-sjå link til informasjonsbrosjyre
Andre tilbod
- Legetilsyn
- Fotpleiar
- Frisør
- Tannpleiar
- Bibliotek