Av:
Stord kommune
Publisert:
04.08.2009
Oppdatert:
03.02.2012
Stord kommune har pensjonsordning hos KLP for tilsette på kommunalt avtaleverk, og hos Statens Pensjonskasse for tilsette på statleg avtaleverk.
Alle tilsette vert trekte 2% pensjonsinnskot frå løna.
Om tenestepensjonsordninga
- Ordninga omfattar alle tilsette (faste og mellombels) med ei arbeidstid som i gjennomsnitt tilsvarar minst 14 timar pr. veke.
- Ordninga garanterer medlemene ein samla alders-/uførepensjon på minst 66% av pensjonsgrunnlaget ved full opptening. Pensjonsordninga gjev òg rett til ektefelle- og barnepensjon.
- Pensjonane vert regulerte i samsvar med regulering av folketrygda sitt grunnbeløp.
Om Avtalefesta pensjon (AFP)
- AFP er den pensjon ein arbeidstakar har rett til i samsvar med denne tariffavtalen og vedtekter for avtalefesta pensjon i KS sitt tariffområde.
- AFP skal vera eit tilbod om frivillig avgang med pensjon.
- AFP gjeld for arbeidstakarar som har fylt 62 år og fyller særskilte vilkår.