Av:
Stord kommune
Publisert:
16.04.2009
Oppdatert:
06.01.2012

Folkehelsekoordinator si oppgåve er å koordinere folkehelsearbeidet i kommunen. Det vil seie å leggje til rette for at innbyggarane får fleire leveår med god helse, og at det vert færre helseskilnader mellom ulike samfunnslag, etniske grupper og kjønn. Ei viktig oppgåve er å utvikle samarbeidet mellom offentlege og private aktørar som arbeider med psykisk helse, fysisk aktivitet, kosthald og ernæring, fysisk tilrettelegging, tiltak mot røyking og rusmisbruk og betre skule- og arbeidsmiljø.
Organisering
Folkehelsekoordinator er ein funksjon i eining for aktivitet og rehabilitering. Stillingsstorleik er 40%, og stillinga er delvis finansiert av tilskot frå Hordaland fylkeskommune.
Oppgåver
Folkehelsekoordinator er prosjektleiar for prosjektet Partnarskap for folkehelse i Stord kommune, med tilhøyrande delprosjekt. Mål for prosjektet er ”Betre helse for fleire i Stord kommune”. Reduksjon av sosiale helseskilnader er sentralt