Av:
Nina Sørli
Publisert:
30.08.2011 14:45
Oppdatert:
30.08.2011 15:00
Stord Røde Kors Barnehjelpen ønskjer alle med omsorg for små barn velkommen til småbarnstreff i Buneset.
Småbarnstreff er ein møteplass der vaksne og barn kan ha det triveleg saman med andre. Har du barn i barnehage, eller kanskje du ventar barn snart? Du er velkommen også utan barn!
Forutan god tid til prat og leik, blir det turar i nærområdet, aktivitetar og tema etter ønskje frå deltakarane.
Me et lunsj ilag, så ta med matpakke. Me har kaffi/te til dei vaksne og mjølk/vatn til barna. På kjøkkenet er det mikrobølgeovn, vannkokar og kjøleskap.
Småbarnstreffet i Buneset er eit samarbeid mellom Stord Røde Kors og Stord kommune.
Stad: Buneset 9 (bak Sagvåg bedehus, tidlegare legekontor)
Tid: Måndagar 10.30-12.30
Ope kvar måndag til og med 12. desember