Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  25.02.2009
Innhold sist oppdatert: 27.03.2012 18:50:53
Oppdatert: 10.05.2012

Tryggleiksalarm

Brukaren har tryggleiksalarmen på seg for å kunne tilkalle hjelp i akutte situasjonar. Tryggleiksalarmen er knytta til ein vaktsentral, som formidlar kontakt vidare til heimesjukepleien. Heimesjukepleiern tek nærare kontakt med deg for å avtala vidare oppfølging, eller dei kjem direkte heim til deg.

Målgruppe

Tryggleiksalarm er ei teneste til personar med sjukdom/funksjonshemming, og som ikkje kan nytte telefon i akutte situasjonar. Dette kan og være personar som kjenner seg utrygge i heimen, eller som har tendens til å falla.

Vilkår

Samarbeidspartnarar

Nærståande tenester

Lover

Rettleiing

Du kan kontakte Kundetorget for å få hjelp til å søkje ,eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på vegner av deg, må vedkomande ha fullmakt.

Søknadsskjema

Du finn søknadsskjema for tenesta i informasjonsboks oppe til høgre på denne sida.

Søknadsfrist

Søknadene vert handsama fortløpande

Saksbehandling

Kundetorget tek stilling til og avgjer søknaden. Søkjaren, eventuelt verje eller nærmaste pårørande vert kontakta av sakshandsamar for å kartleggja bistadsbehovet.

Tildeling av tenester skjer etter individuell og fagleg vurdering. Søkjar vil få tilsendt skriftleg vedtak.

Du har rett til innsyn i dokumenta som vedkjem di sak. Du kan ta nærmare kontakt med Kundetorget dersom du ønskjer dette.

Klage

Du har rett til å klaga på enkeltvedtak. Klagefristen er 3 veker frå du har motteke melding om vedtak. Eventuell klage skal sendast Kundetorget. Dersom du ønskjer det, kan du få hjelp til å skrive klage i Kundetorget.

Kontaktinformasjon

Annan informasjon

For å få tryggleiksalarm må det ved inngangsdøra di monterast nøkkelboks med nøkkel, slik at heimesjukepleien kan låse seg inn til deg dersom du treng hjelp. Nøkkelboks vert lånt ut gratis. Heimesjukepleien hjelper deg med å montere boksen.

Søkeord

tryggleik, alarm, eldre, funksjonshemma, utrygg, trygg, hjelp, redd, åleine

Betalingsinformasjon

Kontaktinformasjon

Kundetorget

Rådhuset
Boks 304
5402 Stord

Telefon

53 49 66 00

E-postadresse

tingarkontoret@stord.kommune.no

Opningstider

Kvardagar 08.00-15.30

Gå til eininga kundetorget si side

Stord kommune
Rådhuset, Borggata 2
Postboks 304
5402 Stord
Kontonummer: 6519 05 13070
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Telefon: 53 49 66 00
Telefaks: 53 49 66 01
E-post: post@stord.kommune.no
Organisasjonskart - adm
Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo

 

Nettstadkart

Ansvarlig redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Nina Sørli
Teknisk ansvarlig: Leif-Arne Helland


Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen PROKOM