Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  25.02.2009
Innhold sist oppdatert: 24.01.2012 10:40:37
Oppdatert: 10.05.2012

Omsorgsløn

Hovudformålet med omsorgslønnsordninga er å bidra til best mogleg omsorg for dei som treng hjelp i dagleglivet, og gjera det mogleg for private omsorgsytarar å halda fram med omsorgsarbeidet.

Målgruppe

Ordninga gjeld både gifte og andre frivillige omsorgsytarar utan omsorgsplikt.Omsorgslønn omfatter også foreldre og deire mindreårige barn dersom omsorga overstig omsorgsplikta.  

Vilkår

Omsorgsløn er ikkje ein rett på lik line med andre tenester etter sosialtenestelova §4-2. Det er difor noko større rom for kommunalt skjøn i desse sakene. Når kommunen skal vurdere om ein skal tilby omsorgsløn, sosialtenestelova §4-2e, er dei viktigse momenta:

  • Om omsorgsarbeidet er særleg tyngjande
  • Om omsorgsarbeidet gjeld nødvendige omsorgsoppgåver
  • Om omsorg frå søkjaran er det beste for den som treng hjelp
  • Kommunen sine ressursar

Omsorgsarbeidet må ha eit visst omfang for at det skal bli vurdert som særleg tyngjande.For å vurdere om omsorgsarbeidet er særleg tyngjande legg ein vekt på følgjande:

  • om søkjaren arbeider mange timer pr mnd med omsorgsarbeid
  • om omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk belastande enn vanleg
  • om omsorgsarbeidet medfører mykje nattarbeid eller avbrot i nattesøvnen
  • korleis omsorgsarbeidet er fordelt over tid
  • om omsorgsarbeidet fører til sosial isolasjon og mangel på ferie/fritid
  • om søkjaren har omsorg for meir enn ein person
  • om omsorgen klart overstig vanleg omsorg for barn på same alder

Samarbeidspartnarar

Nærståande tenester

Lover

Rettleiing

Omsorgslønn blir gitt til den som har omsorgsarbeidet; ikkje til den som treng omsorg. Likevel har både den som gir og den som treng omsorg rett til å søkje om omsorgslønn og klage på kommunen sitt vedtak i saka.

Søknadsskjema

Du finn søknadsskjema for tenesta i informasjonsboks oppe til høgre på denne sida.

Søknadsfrist

Søknadene vert handsama fortløpande.

Saksbehandling

Kundetorget tek stilling til og avgjer søknaden. Søkjaren, eventuelt verje eller nærmaste pårørande vert kontakta av sakshandsamar for å kartleggja bistandsbehovet.
Tildeling av tenester skjer etter individuell og fagleg vurdering. Søkjar vil få tilsendt skriftleg vedtak.
Du har rett til innsyn i dokumenta som vedkjem di sak. Du kan ta nærmare kontakt med Kundetorget dersom du ønskjer dette.

Klage

Du har rett til å klaga på enkeltvedtak. Klagefristen er 3 veker frå du har motteke melding om vedtak. Eventuell klage skal sendast Kundetorget. Dersom du ønskjer det, kan du få hjelp til å skrive klage i Kundetorget.
For vedtak etter Sosialtenestelova er det Fylkesmannen i Hordaland som er klageinstans.

Kontaktinformasjon

Annan informasjon

Søkeord

omsorgspenger

Ekstern informasjon

Kontaktinformasjon

Kundetorget
Rådhuset
Boks 304
5402 Stord

Telefon
53 49 66 00

E-postadresse
tingarkontoret@stord.kommune.no

Opningstider
Kvardagar 08.00-15.30

Gå til eininga kundetorget si side

Stord kommune
Rådhuset, Borggata 2
Postboks 304
5402 Stord
Kontonummer: 6519 05 13070
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Telefon: 53 49 66 00
Telefaks: 53 49 66 01
E-post: post@stord.kommune.no
Organisasjonskart - adm
Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo

 

Nettstadkart

Ansvarlig redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Nina Sørli
Teknisk ansvarlig: Leif-Arne Helland


Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen PROKOM