Av:
Stord kommune
Publisert:
25.02.2009
Innhold sist oppdatert:
27.03.2012 18:44:05
Oppdatert:
10.05.2012
Individuell plan
Ein individuell plan er eit verkemiddel for å oppnå koordinerte tenester tilpassa individuelle behov.
Ein slik plan skal:
- bidra til at tenestemottakaren får eit heilskapleg, koordinert og tilpassa tenestetilbod
- kartleggja tenestemottakaren sine mål, ressursar og behov for tenester på ulike område.
- styrkja samhandlinga mellom tenesteytar og tenestemottakar og evt pårørande, og mellom tenesteytarar og einingar/instansar.
Målgruppe
Tenestemottakarar med behov for langvarige og koordinerte helse- og/eller sosialtenester.
Vilkår
Vilkår for å få innvilga individuell plan er at ein har behov for langvarige og koordinerte helse- og/eller sosialtenester.
Rettleiing
Alle som ønskjer individuell plan kan venda seg til ein av følgjande stader:
- Kundetorget
- NAV kommune
- Sosial og førebyggjande tenester v/ førebyggjande helse
Her kan ein få informasjon om individuell plan og få hjelp til å søkja. Desse tre stadene vil handsama søknadene og utnemna koordinator i samråd med søkjar. Koordinator vil vera ein namngitt tilsett i kommunen som skal sikra kontinuitet i arbeidet med individuell plan.
Det skal leggjast stor vekt på tenestemottakar eller (hjelpe)verje sitt ynskje når det gjeld kven som skal vera vedkommande sin koordinator, innhald i planen og anna.
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Klage
Ein kan klaga på retten til individuell plan (dvs. ved evt. avslag) eller på at planen ikkje oppfyller krava til innhald som følgjer av forskrifta.
Individuell plan gir ikkje juridiske rettar til tenester i seg sjølv. Desse vert styrt av enkeltvedtaka.
Søkeord
helse, sosial, teneste, koordinering, plan, individuell, hjelpeapparat, tilretteleggjing, pasient, hjelp, psykisk, fysisk, psykiatri