Av:
Stord kommune
Publisert:
25.02.2009
Innhold sist oppdatert:
27.03.2012 18:43:35
Oppdatert:
10.05.2012
Helsetilbod til flyktningar og asylsøkjarar
Asylsøkjarar og flyktningar som bur eller mellombels oppheld seg i kommunen, har rett til nødvendige helsetenester på lik linje med andre som oppheld seg i kommunen. Helsetilbodet til kommunen skal sørgje for at asylsøkjarar og flyktningar får nødvendig somatisk og psykisk helsehjelp.
Det er eigen sjukepleiar på alle mottaka i Stord kommune. Sjukepleiaren er tilgjengeleg på faste dagar.
Målgruppe
Asylsøkjarar og flyktningar.
Innanfor denne gruppa skal ein særleg gi akt på og oppfølgjing til desse personane:
- personar frå område der det er høg risiko for visse infeksjonssjukdomar
- personar som har vore utsette for tortur og annan alvorleg psykisk eller fysisk traumatisering
- einslege personar utan familienettverk
- barn og unge som kjem åleine til Noreg
- gravide
- einslege forsørgjarar
- kvinner som har vore utsette for valdtekt og annan seksualisert vald.
Vilkår
For personar under 18 år er det ikkje eit vilkår at personen har lovleg opphald. For personar over 18 år utan lovleg opphald gir lova rett til akutt helsehjelp.
Rettleiing
Kommunen vil sjølv sørgje for at innflyttarar, asylsøkjarar og flyktningar som nyleg er komne til mottak, får tilbod om helsetenester, og det er derfor ikkje nødvendig for desse å søkje om denne tenesta.
Klage
Har du søkt helse- og omsorgstenester frå kommunen, kan du klage på avgjerda (etter pasient- og brukerrettighetsloven):
- Fristen for å klage er fire veker frå du tok imot vedtaket.
- I klaga beskriv du kva forhold du klagar på og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar.
- Dersom vedtaket ikkje blir endra, kan du klage til Fylkesmannen.
Du kan også klage på sjølve utføringa av helsetenesta du får:
- Send klaga til den instansen som yter tenesta, slik at ein har høve til å løyse saka på lågaste nivå.
- Dersom klaga blir avvist, eller kommunen meiner at rettane dine er oppfylte, kan du klage til Helsetilsynet i fylket.
Annan informasjon
Andre dokument:
Eit inkluderande språk - brosjyre
Pris:
Tenestene er gratis, med mindre det følgjer av lov eller forskrift at det skal betalast vederlag.
Nærståande tenester:
Helsestasjon
Helsestasjon for ungdom
Søkeord
Flyktninger, asyl, asylmottak, transittmottak, helsetilbud, helsetjenester