Av:
Stord kommune
Publisert:
25.02.2009
Innhold sist oppdatert:
27.03.2012 18:43:05
Oppdatert:
10.05.2012
Helsestasjon for ungdom
På helsestasjonen for ungdom kan du få råd og rettleiing om rus, røyk, alkohol, seksualitet, prevensjon, kjønnssjukdomar, psykiske problem, fysisk aktivitet og kosthald. På helsestasjonen for ungdom kan dei også hjelpe deg med å få kontakt med spesialist.
Helsestasjonen er ei delteneste til den vanlege helsestasjonsverksemda.
Alle tilsette har teieplikt.
Stad
Helsestasjonen held til ved Helsesenteret i Myro på Leirvik, og det er både lege og helsesøster til stades.
Opningstid
Kvar onsdag frå kl. 18.00 til 20.00. Helsestasjon for ungdom held stengt i skulane sin sommarferie, juleferie og påskeferie.
Siste opningsdag før juleferien: 14.12.11. Oppstart etter nyttår: 04.01.12.
Døme på emne som du kan ta opp:
- Spørsmål om kroppen
- Hudproblem
- Problem på skulen
- Du kjenner deg trist og einsam
- Parforhold
- Seksualitet generelt
- Homofili
- Rus og rusmisbruk
- Røyking og graviditet
- Menstruasjonen
- Slanking og etevanskar
- Vonde opplevingar, til dømes seksuelt misbruk, vald/sjukdom i familien
Helsestasjonen kan m.a. hjelpa deg med:
- Reseptar og anna behandling for helseproblem
- Tilvisingar til andre instansar i helsevesenet
- Prevensjonsrettleiing og prevensjon
- Prøvar - om du har kjønnssjukdomar
- Gravitest
Relatert informasjon på andre nettstader:
www.helsetilsynet.no - Uavhengig tilsynsmyndighet for helse- og sosialtenester
www.fylkesmannen.no - Tilsynsmyndighet for helsetenesta og helsepersonell
www.odin.no - Informasjon frå regjeringa og departementa
www.folkehelsa.no - Nasjonalt folkehelseinstitutt
Klage
Har du søkt helse- og omsorgstenester frå kommunen, kan du klage på avgjerda (etter pasient- og brukerrettighetsloven):
- Fristen for å klage er fire veker frå du tok imot vedtaket.
- I klaga beskriv du kva forhold du klagar på og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar.
- Dersom vedtaket ikkje blir endra, kan du klage til Fylkesmannen.
Du kan også klage på sjølve utføringa av helsetenesta du får:
- Send klaga til den instansen som yter tenesta, slik at ein har høve til å løyse saka på lågaste nivå.
- Dersom klaga blir avvist, eller kommunen meiner at rettane dine er oppfylte, kan du klage til Helsetilsynet i fylket.