Av:
Stord kommune
Publisert:
25.02.2009
Innhold sist oppdatert:
27.03.2012 18:41:08
Oppdatert:
10.05.2012
Ergoterapi
Ergoterapi har som hovudmål å fremme helse gjennom aktivitet og deltaking i kvardagslivet. Ergoterapeutane har fokus på korleis samspelet mellom menneske, aktivitet og miljø fungerer, og er opptatt av å utlikne eventuelle gap mellom omgjevnadane sine krav, og mennesket sine føresetnadar. Ergoterapeutane kan blant anna gje tilbod om kartlegging og opptrening av funksjon og tilretteleggje for aktivitet i kvardagen med kompenserande tiltak og/eller bruk av tekniske hjelpemidlar. Brukaren kan då få hjelp til utprøving, tilpassing , søknadsprosedyre og opplæring i bruk av hjelpemiddelet. I tillegg vil ein ergoterapeut kunne gi råd og rettleiing i høve til bustad og bilsaker for personar med nedsett funksjonsevne. Ergoterapeutane har og kunnskap om universell utforming.
Målgruppe
Ergoterapeutane i Stord kommune tilbyr tenester til brukarar som av ulike grunnar har aktivitets- og funksjonsproblem i kvardagen, eller som står i fare for å få det.
Vilkår
Ein kan sjølv ta kontakt med ergoterapeutane, eller ein kan bli tilvist frå heimebaserte tenester, lege eller sjukehus. Ein vil bli kontakta om lag to veker etter søknaden er motteken, tenesta kan ha noko ventetid.
Samarbeidspartnarar
• Fysioterapitenesta
• Heimesjukepleia
• Sjukeheimane
• Fastlegar
• Skular og barnehagar
• PPT
• NAV Hjelpemiddelsentralen
• Servicemann
• Andre
Rettleiing
Kommunen kan gi rettleiing til å søkje om ergoterapi.
Dersom andre søkjer på vegne av deg, må dei ha fullmakt.
Førespurnader til kommuneergoterapeut kan vere både skriftleg og munnleg frå brukaren sjølv eller frå samarbeidspartnarar.
Klage
Har du søkt helse- og omsorgstenester frå kommunen, kan du klage på avgjerda (etter pasient- og brukerrettighetsloven):
- Fristen for å klage er fire veker frå du tok imot vedtaket.
- I klaga beskriv du kva forhold du klagar på og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar.
- Dersom vedtaket ikkje blir endra, kan du klage til Fylkesmannen.
Du kan også klage på sjølve utføringa av helsetenesta du får:
- Send klaga til den instansen som yter tenesta, slik at ein har høve til å løyse saka på lågaste nivå.
- Dersom klaga blir avvist, eller kommunen meiner at rettane dine er oppfylte, kan du klage til Helsetilsynet i fylket.
Søkeord
sjukdom, funksjonhemming, funksjonsnedsetjing, skade, tilpassing, aktivitetar, tekniske hjelpemiddel, fungering, rettleiing, informasjon, tilretteleggjing, bustadplanleggjing, arbeidsplass, arbeidsvanar, fysioterapi, omsorg, hjelpemiddel