Av:
Stord kommune
Publisert:
06.10.2009
Innhold sist oppdatert:
Oppdatert:
23.11.2011
Støtteteam for barn og unge
Støtteteamet er eit tverrfagleg tilbod til barn, ungdom og foreldre. Støtteteamet er eit kommunalt tilbod organisert under Sosial og førebyggande tenester.
Målgruppe
Barn, ungdom og foreldre som har ei bekymring knytt til barnehage, skule, heim eller fritid.
Prinsipp i arbeidet
- Frivillig
- Tverrfagleg
- Lågterskel tilbod
- Førebyggande
- Rask hjelp
- Åpenhet og samarbeid
- Heilskapeleg tilnærming
- Teieplikt
Kven er me?
Støtteteamet er ei gruppe samansett av to personar i 80 prosent stilling kvar, ein representant frå PPT, barnevern, Utekontakten, helsesøstrer, alle med kompetanse på arbeid med barn, ungdom og familiar.
Me har i tillegg samarbeid med andre aktuelle instansar i kommunen.
Kva kan støtteteamet tilby?
Fordelar
- Aktivt bruk av eksisterande nettverk
- Kort ventetid for samtale
- Lett tilgjenge
- Ingen krav til tilvising eller registrering
Kva er eit nettverksmøte?
Alle personar du regelmessig har kontakt med utgjer ditt sosiale nettverk. I særskilde situasjonar kan det vera nyttig å samla heile – eller delar av det sosiale nettverket. Talet på deltakarar kan variera, og møtet kan omhandla enkeltpersonar, familiar eller grupper.