Av:
Stord kommune
Publisert:
26.06.2009
Innhold sist oppdatert:
Oppdatert:
26.11.2010
Spesialpedagogisk hjelp
Foreldre kan søkja om spesialpedagogisk hjelp til barn med plass i barnehage eller som er heime.
Hjelpa kan fysisk knytast til barnehagar, skular, sosiale og medisinske institusjonar og liknande, eller hjelpa kan organiserast som eigne tiltak. Hjelpa kan også gjevast av PPT eller ein annan sakkunnig instans.
Opplæringslova brukar uttrykket ”spesialpedagogisk hjelp” i staden for ”spesialundervisning” som er uttrykket som vert nytta i grunnskulen. Ei slik hjelp kan t.d. omfatta lekotekverksemd, trenings- og stimuleringstiltak og rettleiing til personalet i t.d. barnehagen.
Målgruppe
Barn under opplæringspliktig alder som har særlege behov for spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp. Hjelpa skal også omfatta tilbod om foreldrerådgjeving.
Vilkår
For å ha rett til spesialpedagogisk hjelp, må det liggja føre ei positiv Sakkunnig vurdering (Opplæringslova § 5-3) frå Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT). Denne vurderinga må visa om barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp, og kva for hjelp som bør gjevast.
Søknadsskjema
For barn som har plass i barnehage, vil barnehagen til vanleg i januar / februar kvar vår, senda ut søknadsskjema. Barnehagen vil også hjelpa foreldre/føresette i samband med evt. kontakt med PPT.
Føreldre/føresette kan også kontakta PPT direkte dersom dei meiner at barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp.
For evt. barn som ikkje har vore i barnehage, vil PPT så sant dei kjenner til barnet, syta for at sakshandsamar ved Kundetorget får nødvendige opplysningar.
Søknadene frå barnehagane vert deretter sendt samla over til Kundetorget.
Saksbehandling
Sakshandsamar som har desse sakene ved Kundetorget, vil deretter (til vanleg i april / mai) gjera vedtak om evt. tildeling for samtlege førskulebarn. Melding om vedtaket vert sendt til kvar einskild søkjar og med kopi til aktuell barnehage.
Klage
I svarskrivet frå kommunen vil det verta gjeve nærare opplysningar om evt. klagerett, då det er Fylkesmannen i Hordaland ved Utdanningsavdelinga som er klageinstans for desse sakene. Generell informasjon om innsyns- og klagerett.
Kontaktinformasjon
Avdeling
Kundetorget
Kontaktperson
Nancy Aasheim
Telefon: 53 45 64 85
Telefax: 53 49 66 01
E-post: nancy.aasheim@stord.kommune.no
Besøksadresse
Rådhuset, Borggata 2, Leirvik
Postadresse
Postboks 304, 5402 Stord
Annan informasjon
For barn med barnehageplass skal det ikkje betalast for spesialpedagogisk hjelp.