Av:
Stord kommune
Publisert:
30.06.2009
Innhold sist oppdatert:
Oppdatert:
17.02.2012
Tiltak for rusavhengige
Hjelp i høve rusproblem
Du kan få hjelp når rusmisbruket er blitt eit problem for deg, eller for nokon av dine næraste.
NAV Stord ved sosialtenesta skal gjennom råd, rettleiing og hjelpetiltak hjelpa den som ynskjer det til å koma bort frå misbruk av alkohol og andre rusmiddel. Slik hjelp skal óg gjevast til vedkomande sin familie.
Personar som ynskjer innlegging i behandlingsinstitusjon eller medikamentell behandling (buprenofin og metadon), må venda seg til NAV Stord ved sosialtenesta eller sin fastlege. Det kan óg lagast behandlingsopplegg lokalt, i samarbeid mellom ulike faggrupper og den enkelte.
Målgruppe
Hjelpetiltaka våre er meint for deg som...
... lurer på om alkohol eller andre rusmiddel er i ferd med å ta overhand.
... stadig høyrer oftare frå vener og familie at du drikk for mykje.
... har eit nært forhold til nokon som har eit rusproblem.