Av:
Stord kommune
Publisert:
25.02.2009
Innhold sist oppdatert:
27.03.2012 18:42:19
Oppdatert:
10.05.2012
Heimehjelp
Personar som har eit særleg hjelpebehov på grunn av sjukdom, funksjonshemming, alder eller andre årsaker, kan søkja kommunen om å få heimehjelp / praktisk bistand og opplæring.
Føremålet er først og fremst å yte hjelp til daglege praktiske gjeremål i heimen, og i tilknyting til hushaldninga.
Vilkår
Heimehjelp blir gitt til dei som ikkje klarer å ha dagleg omsorg for seg sjølv, eller som er heilt avhengige av praktisk eller personleg hjelp for å greie dei daglege gjeremåla. Det er kommunen som i samarbeid med søkjaren, avgjer kva for tenester som skal ytast.
Rettleiing
Du kan kontakte Kundetorget for å få hjelp til å søkje, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på vegner av deg, må vedkomande ha fullmakt.
Søknadsskjema
Du finn søknadsskjema for tenesta i informasjonsboks oppe til høgre på denne sida.
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Saksbehandling
Kundetorget tek stilling til og avgjer søknaden. Søkjaren, eventuelt verje eller nærmaste pårørande vert kontakta av sakshandsamar for å kartleggja bistadsbehovet.
Tildeling av tenester skjer etter individuell og fagleg vurdering. Søkjar vil få tilsendt skriftleg vedtak.
Du har rett til innsyn i dokumenta som vedkjem di sak. Du kan ta nærmare kontakt med Kundetorget dersom du ønskjer dette.
Klage
Du har rett til å klaga på enkeltvedtak. Klagefristen er 3 veker frå du har motteke melding om vedtak. Eventuell klage skal sendast Kundetorget. Dersom du ønskjer det, kan du få hjelp til å skrive klage i Kundetorget.
Søkeord
eldre, gamal, omsorg, sjukdom, rusmiddel, misbruk, funksjonshemma, særskilt behov, heimen