Av:
Stord kommune
Publisert:
07.12.2009
Innhold sist oppdatert:
Oppdatert:
18.07.2011
Frien barnehage
Frien barnehage er den eldste familiebarnehagen på Stord. Den vart starta i 1993 og det er Ragnfrid Høgås som eig og driv den. Ho er også styrar i Frien.
Frien held til i eit hus i Friarkvilet. Dette ligg i området Horneland/ Kårevik, 5 minutt med bil frå Leirvik.
Frien har 15 plassar og tek i mot born frå 0-6 år. Frien har 2 pedagogar, 4 assistentar og gode vikarordningar. 5 av plassane er ei naturgruppe og er mykje av tida si ute. I nærområdet, stranda og i skogen, der Frien disponerer eit område med lavvo. Det er ei målsetjing at borna i Frien skal oppleva gleda ved naturen og friluftsliv.
Frien har også faste turar til garden Nedre Litlabø, der Jens gjev både store og små kulturelt påfyll og på Heiane trening og helse for å boltra oss i den store speglsalen.
Frien ynskjer å vera eit trygt og godt tilbod til born og foreldre og vera ei motvekt til dei store barnehagane. Frien har få born og vaksne og dette gjev tryggleik for små born.
I Frien får born 2 måltid mat, frukost og varm lunsj, mjølk og frukt til ei lita tillegg i prisen.
Frien vektlegg:
- Nynorsk i song og høgtlesing (Frien er med i mållaget)
- Naturopplevingar
- Lite og trygt miljø
- Språktrening
- Sunt kosthald
Frien, den vesle trygge barnehagen.
