Av:
Stord kommune
Publisert:
25.02.2009
Innhold sist oppdatert:
27.08.2010 14:11:42
Oppdatert:
10.05.2012
Feiing og tilsyn med eldstad
Tenesta skal medverke til god fyringsøkonomi, mindre forureining og redusert fare for pipebrann og brann i bygningar.
Feieavdelinga i Stord kommune gjennomfører feiing av alle skorsteinar både i Stord og Fitjar kommune anna kvart år. I tillegg til feiing gjennomfører feiarane bustadtilsyn kvart 4. år i alle bustader som har skorstein.
Oppføring av skorstein er søknadspliktig til byggjesaksavdelinga i kommunen medan montering av eldstad er meldepliktig til feiarvesenet.
Målgruppe
Eigarar eller brukarar av bustader med fyringsanlegg/pipe.
Vilkår
Eigar eller brukar av bygninga må gi feiaren tilgang inn i bustaden for å kunne gjennomføre tilsynet.
Eigar eller brukar av bygninga skal sikre tilfredsstillande tilkomst til skorstein og eldstad (fyringsanlegget).
Feiaren skal også kunne gi informasjon om brannvern og rett fyring i tillegg til t.d. kontroll av brannsløkkingsutstyr og røykvarslarar.
Kommunen ved brannsjefen skal sikre tilfredsstillande feiing og tilsyn av fyringsanlegget.
Rettleiing
Alle installasjonar eller endringar på skorstein og eldstad skal meldast til Brann- og redningsetaten ved seksjon for feiing og tilsyn.
Kommunen krev ei avgift som skal dekkje utgifter kommunen har til tenesta.
Kontaktinformasjon
Tilsette i feiaravdelinga
Feiarmeister Jan Tore Bruckner
Mobil: 97552057
Feiarsvenn Hildegunn Gram
Mobil 97552054
Feiarsvenn Roger Almås
Mobil 97552051
Feiar/branninspektør Cato Romfog Klubben
Mobil 97552056
Feiarlærling Jan Henrik Kyvik
Søkeord
pipe, fyring, peis, ovn, brann, feiing, skorstein, eldstad, brannvern, feiar, brannsløkkjing, røyk, os, sot