Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Nina Sørli
Publisert:  25.02.2010
 
Oppdatert: 21.12.2011

Demensteam

Demensteamet i Stord kommune er eit tverrfagleg team sett saman av ein sjukepleiar og ein ergoterapeut. Begge i 20 prosent stilling.

Føremål

Føremålet med arbeidet i demensteamet er tidleg utgreiing og diagnostisering av personar med demens, slik at rett tiltak vert sett i verk for brukar og pårørande.


Kvifor er utgreiing av demens viktig?

  • Tidleg diagnostisering og sikra rett diagnose
  • Kan gi høve til medikamentell behandling som senkar utvikling av demens
  • Kan gi behandlingstilbod i dagavdeling
  • Gir høve til iverksetjing av tiltak som praktisk hjelp i heimen, heimesjukepleie og korttidsopphald i sjukeheim.

Arbeidet i teamet

Demensteamet brukar kartleggingsverktøyet utarbeidd av Nasjonalt kompetansesenter for aldersdemens: Demensutredning i kommunehelsetjeneste.

Demensteamet mottek tilvising frå lege, hemesjukepleie, kundetorg og pårørande. Ein kan nytta tilvisingsskjema som kan sendast direkte til demensteamet.

Teamet innehar informasjon og tek kontakt for å avtala heimebesøk. Det er alltid pårørande som vert kontakta for å laga avtale. Demensteamet sender også ut skriftleg melding om heimebesøk.

Til heimebesøket set ein av ca. to timar der følgjande vert kartlagt:

  • Aktivitetane i dagleglivet
  • Mental funksjon og åtferd
  • Pårørande sin situasjon
  • Tryggleik i bustad
  • Nettverk og noverande tiltak

Ergoterapeut og sjukepleiar går saman på heimebesøk, og både brukar og pårørande er tilstades. Sjukepleiar har samtale med pårørande om korleis brukar fungerer, og pårørande sin situasjon i forhold til brukar. Ergoterapeut har samtale med brukar der ein blant anna tek MMS-test og klokketest og går gjennom tryggleik i heimen.

Etter heimebesøket vert det skrive ein rapport som vert sendt til fastlege saman med kartleggingsskjema. Demensteamet ber pårørande/brukar bestilla time hos fastlege.

I etterkant av legetime er det ynskjeleg med eit samarbeidsmøte mellom fastlege og demensteam der ein kjem fram til ein konklusjon med eventuell diagnose, og drøftar vidare tiltak. Det er fastlege som skal informera brukar og pårørande om resultatet.

Brukarar som får ein demensdiagnose får oppfølging i form av hjelpetiltak i samarbeid med kundetorget. Dei som ikkje får ein demensdiagnose etter første utgreiing blir følgt opp med ei ny utgreiing etter 6-12 månader.

Last ned demensteamet sin brosjyre

Kontaktadresse

Demensteamet i Stord kommune
Stord Sjukeheim
Kringsjå 8
5417 Stord

Telefon: 97 55 21 00

Demensteamet

Sjukepleiar Karin S. Myhre
Ergoterapeut Marte Wirum

Ekstern informasjon

Kontakt Stord kommune

Sentralbord / fax: 53 49 66 00 / 01

E-post: post@stord.kommune.no

Nettprat med kundetorget (9-15)

Kundetorget i rådhuset er ope

08:00-15:30

Stord kommune
Rådhuset, Borggata 2
Postboks 304
5402 Stord
Kontonummer: 6519 05 13070
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Telefon: 53 49 66 00
Telefaks: 53 49 66 01
E-post: post@stord.kommune.no
Organisasjonskart - adm
Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo

 

Nettstadkart

Ansvarlig redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Nina Sørli
Teknisk ansvarlig: Leif-Arne Helland


Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen PROKOM