Av:
Stord kommune
Publisert:
30.06.2009
Innhold sist oppdatert:
Oppdatert:
26.11.2010
Aktivitet for rusavhengige
Stord kommune har inngått eit samarbeid med Kirkens bymisjon, "I jobb", som starta opp våren 2010.
Målet er å tilby personar som er rusavhengige eit arbeidstilbod med høg grad av fleksibilitet.
Det er for tida tilbod om arbeid ein dag i veka for aktive rusavhengige, og to dagar i veka for personar i LAR (legemiddelassistert rehabilitering).
Målgruppe
Målgruppa er todelt.
1. Aktive rusavhengige av begge kjønn som ikkje er i behandling. Det vert ikkje stilt krav til rusfrihet, men arbeidstakar må vera i stand til å utføra dei tildelte arbeidsoppgåvene på ein tilfredsstillande måte, utan å vera til sjenanse for dei andre arbeidstakarane, oppdragsgjevar eller omgjevnaden generelt.
2. Personar i LAR (legemiddelassistert rehabilitering) som ikkje er i annan aktivitet, arbeid eller utdanninga men som ynskjer arbeidsretta aktivitet.