Av:
Stord kommune
Publisert:
25.02.2009
Innhold sist oppdatert:
10.02.2012 12:18:16
Oppdatert:
10.05.2012
Godkjenning/melding av frisør-, hudpleie-, tatoverings- og holtakingsverksemd
Lokale og utstyr i tatoverings- og holtakingsverksemder skal godkjennast av kommunen. Forskrifta om hygienekrav har til formål å sikre tilfredsstillande hygieniske forhold og førebyggje overføring av smittsame sjukdomar ved verksemda. Frisør- og hudpleieverksemder må oppfylle dei same hygienekrava, men treng inga godkjenning. Verksemda må meldast til kommunen ved oppstart, ved utviding eller ved store endringar.
Målgruppe
Personar som ønskjer å starte, overta eller flytte frisørsalong, hud- og fotpleiesalong, helsestudio, solstudio, tatoverings- og holtakingsverksemd.
Vilkår
For å få godkjend verksemda blir det stilt visse krav til
- lokale
- rutinar for internkontroll
- rutinar for å unngå smitteoverføring
Rettleiing
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om godkjenning.
Klage
- Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
- I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
- Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.
Søkeord
frisør, hudpleie, tatovering, piercing, holtaking, fotpleie, aromaterapi, hårfjerning, hand, pleie, manikyr, pedikyr, solarium, soneterapi, massasje, salong, hud, hygiene