Av:
Stord kommune
Publisert:
22.05.2009
Oppdatert:
25.05.2011
Dette er ikkje ei kommunal teneste. Det er fylkeskommunen som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta. Dei skal sørga for tannhelsetenester til alle som bur eller oppheld seg midlertidig i fylket.
Kven får behandling?
Den offentlege tannhelsetenesta skal gi oppsøkjande og gratis tilbod til:
- Born og ungdom frå 0 – 18 år (ut heile året dei er 18 år)
- Psykisk utviklingshemma i og utanfor institusjon
- Grupper av eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon og heimesjukepleie.
- Ungdom som fyller 19 og 20 år i behandlingsåret betalar 25% av takstar fastsett av departementet.
- Personar med rusproblem.Tilbodet er avgrensa til personar med langtidsopphald i rusinstitusjon og personar i den kommunale rusomsorga som mottek tenester etter § 4.2 i Lov om sosiale tenester.
- Andre grupper som fylkeskommunen har vedtatt å prioritera.
Utgifter til tannregulering vert dekt med inntil 75 % frå Folketrygda etter søknad.
I tillegg til dei prioriterte oppgåvene gir ein tilbod om behandling til vaksne, betalande pasientar ved dei fleste klinikkane, avhengig av kapasitet.
Den offentlege tannhelsetenesta har også tilbod om lystgass/Dormicum ved enkelte klinikkar.
I Hordaland har narkomane eit spesialtilbod. Straxhuset i Bergen har inngått avtale med Den offentlege tannhelsetenesta om eit lavterskeltilbod. Behandlinga vert utført på Tannklinikken Legevakten 2 dagar i veka.