Kundetorget i Stord kommune
Hjelp til søkja helsehjelp og / eller sosiale tenester. Hjelp til å få kontakt med det kommunale hjelpeapparatet. Handsaming av søknadar om psykiatrisk sjukepleiar/heimesjukepleie og sosiale tenester som heimehjelp og støttekontakt.
Kontaktinformasjon for Kundetoget
DPS/BUP
Ved Stord sjukehus ligg Distriktspsykiatrisk senter (DPS) og Barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling (BUP). Både DPS og BUP har døgnavdeling, dagavdeling og psykiatrisk poliklinikk. I tillegg held dei på å byggja opp ambulante tilbod. Du treng tilvisning frå fastlegen din for å få eit behandlingstilbod her.
Distriktspsykiatrisk senter
Fastlegane
Om du ikkje veit kven fastlegen din er, kan du ringja 81 05 95 00 og følgja den rettleiinga du får, eller du kan gå inn på www.nav.no. Hos lege må du bestilla time. Legekontora har som regel fast telefontid.
Legetenester i Stord kommune
Heimebaserte tenester - Psykiatrisk sjukepleie
Heimebaserte tenester har m.a. psykiatrisk sjukepleiar. Psykiatrisk sjukepleiar kan gi deg som slit med psykiske vanskar helsehjelp, støttesamtalar eller anna oppfølging. Du kan søkja til Kundetorget om psykiatrisk sjukepleie. Heimebaserte tenester gir også tenester til eit bufellesskap for personar med psykiske lidingar.
Søknadsskjema for helsetenester
Helsestasjonane i Stord
Helsestasjonen ved Stord legesenter: tlf. 53 49 69 84.
Helsestasjonen i "Blåbygget " i Sagvåg: tlf. 53 49 68 54
Her kan du i fyrste omgong få ein å snakka med, som evt. kan vera med og visa til vidare hjelp. Ope alle vekedagar.
Helsestasjonane
Helsestasjon for ungdom
Du kan få snakka med helsesøster eller lege om små eller store problem. Du treng ikkje å bestilla time. Tilbodet er gratis for ungdom frå 13 – 19 år.
Adresse: Helsesenteret i Myro, helsestasjonen (midt på bygget, rett fram)
Opningstid: Ope kvar onsdag kl 18 - 20.
helsestasjon for ungdom
Hamna kontaktsenter
Eit tilbod om sosialt fellesskap og aktivitetar frå Stord kommune for menneske med psykiske problem. Du treng verken tilvising eller diagnose for å koma.
Opningstid: alle kvardagar, torsdag på ettermiddagstid. Også ope nokre helgar, sjå oppslag.
Adresse: Borggt. 7, 3. etg, inngang mellom Fadnes og Sport 1, eller inngang på baksida (mot hamna).
Telefon: 53 49 66 77, 53 49 66 78 el. mobil: 97 55 21 15
Meir informasjon på heimesida til Hamna kontaktsenter
LEVE
Landsforeningen for etterlatte ved selvmord
LEVE har uformelle samlingar der du møter andre som også har mista ein av sine ved sjølvmord. Kafè LEVE er open den første måndagen i månaden frå kl. 18.00 – 20.00 i Barmhjertighetsbussen Varmestue, like bak hurtigbåtterminalen i Hamnegata på Leirvik.
Kontaktperson
Reidun Helene Stien 52 73 54 61 / 45 67 49 57
Mental helse Sunnhordland
Mental helse er ein landsomfattande brukar og interesseorganisasjon innan psykisk helsevern. Organisasjonen arbeider for eit ope samfunn og kjempar mot tabu og mytar som er knytta til det å vera psykisk sjuk. Hjelpetelefonen 810 30 030 er der når du treng ein å snakka med, døgnopen heile året. Mental helse kan setja deg i kontakt med støttegrupper eller behandlingsstad.
Skulehelsetenesta i Stord
Om du ynskjer ein å snakka med, kan du ta kontakt med helsesøster på skulen din. Ho er til stades 1-2 faste dagar i veka.
Ungdom/føresette kan ta kontakt med
Stord Vidaregåande skule: 53 45 20 40 eller 913 87 659
Stord Yrkesskule : 53 40 22 54 eller 957 76 434
Stord ungdomskule: 53 40 33 90 eller 957 76 434
Nysæter ungdomskule: 53 40 97 50
Elevar/føresette ved barneskulane kan også ta kontakt med helsesøster.
Bustader i Stord kommune
Stord kommune ved NAV Stord bustadkonsulent disponerer trygde/omsorgsbustader som også kan disponerast av personar med psykiske lidingar. Søknadsskjema kan du skriva ut her, eller du kan ta kontakt med NAV Stord tlf 53 04 33 00 / 53 04 62 87. Du kan også få hjelp i form av økonomirådgjeving og med søknad om lån/tilskot til kjøp av eigen bustad.
Stord kyrkje
Her kan du få tilbod om samtale med diakon eller prest. I tillegg har kyrkja i gong sorggrupper for dei som har mista ein av sine. Treffstadener eit tilbod for pårørande til rusmisbrukarar. Pårørandegruppa har opne samlingar tredje kvar onsdag frå kl. 18.30 – 20.30.
Kontaktperson
Liv Kari Bru (diakon) tlf. 53 40 34 30 el. 53 41 00 63
Utekontakten
Eit tilbod til ungdom mellom 13 og 25 år. Ta kontakt om du ynskjer nokon å prata med eller om du treng råd og hjelp i samband med rus og/eller psykisk helse. Tilbodet ligg i Meieribygget, 2. etg og er ope måndag – fredag 08.00 – 15.00 eller etter nærare avtale. Meir info på Utekontakten sine sider