Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
montering av seng
Av:  Stord kommune
Publisert:  22.05.2009
 
Oppdatert: 19.02.2010

Hjelpemiddel

Stord kommune kan låna ut tekniske hjelpemiddel til brukarar som har behov for det i akutte situasjonar, eller for kortare tidsrom. Ved varig behov for eit hjelpemiddel, kan Stord kommune hjelpa til med å søkja. Hjelpemiddelbehovet må vere stadfesta av helsepersonell i kommunen.

Det kommunale hjelpemiddellageret (biletet) ligg i Stord kommunale rehabiliteringssenter på Leirvik.  

Utlån av tekniske hjelpemiddel

For ein akuttsituasjon / kortare tid

Personar som har trong for å låna eit hjelpemiddel i ein akuttsituasjon, eller for eit kortare tidsrom, skal anten kontakta dei heimebaserte tenestene i sitt område, eller Kundetorget i Rådhuset på Leirvik.

Samstundes som ein mottek hjelpemiddelet, får ein eit følgjeskriv som seier kven ein kan kontakta dersom ein treng hjelp vidare.

Varig behov

Personar som har eit varig lånebehov, kan få hjelpemiddel gjennom folketrygda. Dei heimebaserte tenestene har søknadsskjema og hjelper til med å søkja. Det er Hjelpemiddelsentralen i Hordaland som forvaltar hjelpemiddel som tilhøyrer folketrygda.

Hjelpemidlane blir leverte til felles utleveringsstad, som er i rehabiliteringssenteret på Leirvik. Brukar vil få melding om at hjelpemiddel er kome. Etter avtale kan hjelpemiddel hentast eller leverast til brukar.

 Denne tenesta er lovheimla i Lov om folketrygd, §10.

Reparasjon av tekniske hjelpemiddel

Behovet for reparasjon skal meldast til kundetorget.

 



 

Aktuelle einingar

Ekstern informasjon

Kontaktinformasjon

Treng du hjelpemidlar kontakt kundetorget
Tlf 53 49 66 00

Stord kommune
Rådhuset, Borggata 2
Postboks 304
5402 Stord
Kontonummer: 6519 05 13070
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Telefon: 53 49 66 00
Telefaks: 53 49 66 01
E-post: post@stord.kommune.no
Organisasjonskart - adm
Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo

 

Nettstadkart

Ansvarlig redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Nina Sørli
Teknisk ansvarlig: Leif-Arne Helland


Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen PROKOM