Av:
Stord kommune
Publisert:
25.02.2009
Innhold sist oppdatert:
18.02.2011 09:44:50
Oppdatert:
10.05.2012
Barnehageplass
Barnehagen skal gi barn under skulepliktig alder gode utviklings- og aktivitetsvilkår i nær forståing med heimen. Barnehagen skal støtte heimane i deira omsorgs- og oppdragaroppgåver og skape eit godt grunnlag for barna si utvikling, livslange læring og aktive deltaking i eit demokratisk samfunn.
Barnehagen skal ta omsyn til:
- alderen til barna
- funksjonsnivå
- kjønn
- sosial, etnisk og kulturell bakgrunn
Stord kommune har eit variert barnehagetilbod med samordna opptak for private og kommunale barnehagar. Kundetorget i kommunen tildeler plassar i nært samarbeid med den einskilde barnehage.
Målgruppe
Barn frå 0 til 6 år som er busett i kommunen. Lovfesta rett til plass gjeld frå 1 til 6 år. Sjå om rett til barnehageplass.
Vilkår
Desse blir prioriterte ved opptak:
- barn med nedsett funksjonsevne
- barn som barneverntenesta har overtatt omsorga for
- barn som har behov for hjelpetiltak frå barneverntenesta
Lover
Barnehagelova og forskriftene sikrar eit likeverdig opptak mellom kommunal og privat barnehage. Prioritet ved opptak har barn med nedsett funksjonsevne og barn som det er fatta vedtak om etter lov om barnevernstjenester §§ 4-12 og 4-4 andre og fjerde ledd, og etter barnehagelova § 13, har prioritet ved opptak.
Barnevernlova
Barnehagelova
Forskrift om foreldrebetaling i barnehager
Lovfesta rett til barnehageplass
Lovfesta rett til barnehageplass gjeld for barn mellom 1-5 år.
Retten, iflg. barnehagelova er at :
- Barn som fyller eitt år innan utgangen av august det året det vert søkt om barnehageplass, har etter søknad innan fristen for hovudopptaket rett til å få plass i barnehage innan august.
- Barnet har rett til plass i barnehage i den kommunen det er busett.
- Retten gjeld i kommunen, ikkje i ein bestemt barnehage
- For barn med rett til prioritet er det inga nedre aldersgrense
Kommunen kan oppfylla retten til barnehageplass på tre måtar:
- Barnet får første ynskje oppfylt
- Barnet får andre ynskje oppfylt
- Barnet får eit tilbod i annan barnehage
Rettleiing
Kommunen skal leggje til rette for ein samordna opptaksprosess og sikre likebehandling av barn og av offentlege og private barnehagar. Søknad om barnehageplass skal fyllast ut på eige skjema som er sams for alle barnehagane. Det skal sendast eitt skjema for kvart barn det blir søkt for.
Søknadsfrist
Søknadsfristen til hovudopptaket er 15. mars. Resultatet av hovudopptaket er klart i løpet av mai månad. Ut over dette vert det supplerande opptak i løpet av barnehageåret.
Dersom ein vil krevja retten til plass, må søknaden vera Kundetorget i hende innan fristen for hovudopptaket. Søknad vert å senda på elektronisk skjema. Dei som treng hjelp til utfylling eller har spørsmål kring søknad om barnehageplass, kan kontakta Kundetorget på tlf. 53 49 66 00.
Klage
- Ved hovudopptak kan søkjar klage over avslag på søknad om barnehageplass.
- Søkjar kan også klage dersom vedkomande korkje får sitt første eller andre ønske oppfylt.
- Ved supplerande opptak kan berre søkjarar som har lovfesta rett til prioritet, klage.
- Klagefristen er normalt 3 veker frå du mottok vedtaket.
- Klagen sender du til den instansen som har fatta vedtaket.
Dersom kommunen finn at barnet skulle fått tilbod om den ønska plassen, skal det få tilbod om den første ledige plassen etter at barn med lovfesta rett til prioritet først har fått tilbodet. Dersom klagaren ikkje får medhald, går saka vidare til klagenemnda i kommunen som er klageinstans.
Annan informasjon
Regjeringa fastset kvart år ein maksimalpris, eit øvre tak, for kor mykje foreldre må betale for ein barnehageplass.
Kommunen skal sørgje for at foreldra/dei føresette får tilbod om syskenmoderasjon for 2. og 3. eller fleire born.
Alle kommunar skal ha ordningar som kan tilby barnefamiliar med lågast betalingsevne ein reduksjon i eller fritak frå foreldrebetalinga.
Søkeord
Barn, barnehage, etablering av barnehage, barnepark, barnepass