Av:
Stord kommune
Publisert:
12.03.2009
Oppdatert:
27.09.2011
Kva kan me gjere?
Me kan tilby musikk til alle slags høve. Korte og lange konsertar, musikk ved ulike jubileum, bryllaup, fødselsdagar, årsmøte, kort sagt ved alle høve der musikk kan vera med på å krydra samlinga og gjere den ekstra minnerik.
Me spelar i hovudsak ulike typar klassisk musikk frå alle tidsepokar, men kan også spele viser og anna populærmusikk. Me set gjerne opp eit program saman med arrangør dersom dette er ynskjeleg.
Du kan bestillle heile gruppa, deler av gruppa eller einskildmusikarar.
Er det dyrt?
Nei, eit oppdrag med Trio Vest treng ikkje å bli dyrt. Satsane våre (som er vedtekne av Komite for oppvekst) er slik:
- Musikkinnslag med heile gruppa, deler av gruppa eller enkelt musikar i ei avdeling, og inntil 15 min. effektiv speletid: kr 1.785
- Musikkinnslag med heile gruppa i to avdelingar, og inntil 30 min. effektiv speletid: kr. 3.926
- Som pkt. B, men inntil 45 min. effektiv speletid: kr. 5.234
- Timepris med instruksjon som tutti-musikar: kr 404
Heile konsertar inntil 1,5 time: særskild avtala pris
Ved oppdrag utanfor Stord vil reise og eventuelle opphaldsutgifter kome i tillegg til desse satsane.