Av:
Åge Vallestad
Publisert:
20.01.2012 11:04
Oppdatert:
20.01.2012 13:08
Stipendet er i år som tidlegare kr 10.000 og vert utdelt til kulturutøvarar under 20 år.
Nytt av året er at det er opna for fleire kategoriar. No kan ein søke innanfor desse kategoriane:
- Dans
- Musikk
- Skapande skriving
- Teater
- Visuell kunst
- Anna
Både einskildpersnoar og grupper kan søke. Det er ikkje eit krav at søkjaren er elev i kulturskulen. Søknadsfrist for kandidatar frå Stord er 20. februar 2012.
Alle søknader skal sendast til kulturskulen. Søknaden skal innhalde:
- Lydfil og/eller videofil
- Bilete av søkjaren/søkjarane
- Draumen til søkjaren/søkjarane
- Opplysningar om søkjaren/søkjarane
Kulturskulen skal nominere ein kandidat frå ein eller fleire kategoriar og har frist til 8. mars for å sende nominasjonane vidare til juryen for Drømmestipendet.
Det vert plukka ut 100 vinnarar frå heile landet og desse vil bli presentert 6. juni 2012.
Du finn fleire opplysningar på Drømmestipendet si heimeside.
Her finn du informasjonsbrosjyre om Drømmestipendet (pdf).
Drømmestipendet er eit samarbeid mellom Norsk kulturskoleråd og Norsk Tipping.
Velkomen med søknad!