Av:
B. Withbro/K. K. Sævareid
Publisert:
26.02.2009
Oppdatert:
30.03.2012
Me ynskjer velkommen til biblioteket på Litlabø.
Bibliotekfilialen i Samfunnshuset er eit tilbod til deg som bur på Litlabø eller i Sagvåg. Filialen er open tysdagar og fredagar. Sjå opningstidene nedanfor.
Ved filialen er det skjønn- og faglitteratur for barn og vaksne, og mindre depot av lydbøker og film.
Ver merksam på at det er transportordning mellom hovudbiblioteket i Kulturhuset og filialen. Du kan derfor reservera og låna media frå heile Stord folkebibliotek si samling gjennom filialen. Bøker som er lånte ved hovudbibliotek og filial kan leverast i den bibliotekavdelinga som høver best.
Folkeboksamlinga på Litlabø tok til alt i 1935, og heitte då Lillebø Grubers folkeboksamling. Det var A/S Stordø kisgruber som sto bak skipinga. Samlinga vart kommunal i 1953, og i 1955 fekk ho rom i Samfunnshuset. Biblioteklokalet er pussa opp og modernisert i fleire omgangar.

Opningstider Litlabø filial:
Tysdag 15.30 - 18.00
Fredag 15.00 - 18.00