Ein makelaus bank
Etter meir enn 20-års arbeid med eit nærmast endelaust prosjekt, ein Slektsbank for ein større geografisk region, er punktum sett. Innskotet (databasen) er for min del gjort og uttaket kan for alvor ta til, og det utan at banken vert tappa. Ein makelaus bank slik sett!
Databasen (innhaldet i Slektsbanken) er i PC-språk på 75 megabytes. Alt er berre tekst. Når denne databasen vart innlesen i tekstbehandlings-programmet Word, kom eg ut med vel 38000 listesider i stamtavlene og anetavlene samla, stamtavler med vel 54 megabytes, anetavler med vel 20 megabytes.
Framgang
Folk i min yrkesbransje som nærmar seg pensjonering, har for vane å gle seg til å få fred og ro til å studera vidare på det dei kan best. Eg og gledde meg til det. Men etter kvart som alderen melde seg, tok tvilen tak i meg: Kanskje du ikkje skulle gjera det likevel. Det krevst mykje av deg når du er i ein fagleg front og ønskjer å hengja med. Du kan lett oppleva at framgang ikkje skjer. Alternativet var greitt nok: Start heller med noko du kan lite om frå før og som interesserer deg, og du vil straks oppleva at framgang skjer.
Det å samla og systematisera slektsopplysningar frå bygdebøker, og elles ulike andrehands kjelder, frå det hardanger-sunnhordlanske landskapet for å synleg-gjera slektskap over mange generasjonar mellom tradisjonelt sett mindre slekter over få generasjonar, er godt som ugjerleg om ein skulle måtta gå til førstehands kjelder. Dette vert ei slekter-i-slekt-gransking og ikkje berre slekts-gransking i vanlig meining.
Regionen Hardager-Sunnhordland er godt stelt med bygdebøker. Alle kommunar er med. Det eg veit, er at berre ei sokn i Ølen kommune, Austre Vikebygd, har si bygdebok framleis uskriven. Utan alle desse bygdebøkene kunne ikkje mitt prosjekt realiserast. Eg har då samla desse bygdebøkene rundt meg ved mitt arbeidsbord og kunna gå frå den eine til den andre etter opplysningar som skulle leitast opp.
Erik Bakkevigs 2-binds "Sunnhordlands-slekter" er eit arbeid som mest liknar denne Slektsbanken. I nokon mon har eg nytta meg av desse bøkene, men neppe nok. Det har seg slik at det har vore vanskeleg, slik bøkene er organisert, å leita seg fram til dei person- opplysningane eg vil ha tak i.
Når det gjeld slektsopplysningar frå indre Hardanger, det gjeld kommunane Eidfjord og Ulvik, har eg berre nytta meg av Aamund Bu sine Ættarbøker og ikkje dei nyare bygdebøkene for desse kommunane som Olav Kolltveit har skrive. Opplysningane frå gamle Kvam kommune er henta frå dei to første kvemma-bøkene for Vikøy og Øystese, som går fram til hundreårsskiftet (1900/2000).
Eg har hatt mykje bruk for Fusabøkene (gamle Fusa kommune, Hålandsdalen kommune og Strandvik kommune.) Desse kommunane har etter kvart som arbeidet gjekk på fram, kvalifisert seg godt som tilhøyrande den hardanger-sunnhordlandske genealogien. Geografien med Lukksund og postvegen over Skaret mellom Lygrespodlen og Ølve har nok gjort sitt til at slektskapet strekkjer seg den vegen. Også ferdselsvegen via Hatlesteinsvatnet frå Lygrespodlen til Hatlestrand låg lagleg til. Merkeleg nok ser det ikkje ut for at Ryfylke i sør i same grad går inn i slektene i Sveio, Ølen og Etne. Dette kan vel kanskje tilskrivast den historiske tilknyting desse bygdene har hatt administrativt til det gamle Rygjafylket og ikje til Hordafylke.
Alf Prøysen sa, song eller skreiv ein gong at alle på Toten hadde eit syskenbarn på Gjøvik. Eg var slett ikkje like heldig på Storden. Eg hadde ikkje eitt einaste syskenbarn på Vikjo (Leirvik). Ei trøyst var at far min hadde tre syskenborn i Sørhuglo. Mangel på slekt på Storden gjorde vel at eg tidleg vart nyfiken på mi slekt i Kvinnherad, både mors i Ølve og fars på Hatlestrand. Mi mor, fødd 1887, kunne mykje om slektningane der inne, levande og døde. Eg hugsar ho kunne fortelja om ein ane, Sten Lygre (1720-1791) frå Lygrespodlen i Strandvik, som hadde levd lenge i manns minne i Ølve. Eg har I ettertid sett at han går inn i mange anetavler i Ølve og Hatlestrand. Det hadde seg nok slik at mange av hans etterkomarar på kvinnesida kom til Ølve og Hatlestrand som tenestjenter og vart gifte der.
Eit lite apropos til jentene frå Lygre: Johannes Sandvik i Sandviksvågen var gift med tremenningen min Helga Revne frå Ølve. Far hennar var frå Strandvik og gift til Berge i Ølve. Johannes var godt kjent der inne. Ein gong eg venta på ferjeskyssen til Halhjem, kom eg i prat med Johannes om Ølve og ølvesane. Då kom eg og til å fortelja om jenter frå garden Lygre i Lygrespodlen som i fleire generasjonar kanskje hadde vandra den kronglute vegen frå Sundfjord over Skaret til Ølve. Johannes tenkte seg litt om, lo litt, og sa: Merkeleg, i Ølve har dei uttrykket podlagong når folk må gå etter kvarandre når vegen ikkje er brei nok! Denne ”podlagongjen” av Lygresjenter til Ølve og deira giftarmål der med mange etterkomarar gjorde at eg sette i gang ei stamtavle, kalla ”Lygre-slekt”, som i ikkje liten grad samla ølvesane og hatlestrendingane i ei storslekt.
Min slektsbakgrunn gjorde nok at då eg kom til Bergen 1949, var eg snar og gjekk på Statsarkivet og leita etter anane mine i Kyrkjebøkene. Der møtte eg sunnfjordingen Albert Joleik i same ærend. Han kunne gotisk skrift og var lettbeden når eg trong hjelp, og det var ofte. Det eg hugsar best derifrå, var at leitinga tok tid og resultatet var magert. Eg var lærar og studerte ved Universitet, hadde ikkje tid, og slektsganskinga kom heilt i bakleksa. Og eg må med skam melda at etter mi vitjing på Statsarkivet den gongen, har eg aldri søkt etter slekt i primærkjeldene. Det er neppe noko å skryta av. Difor plar eg kviskra folk i øyro og ber dei om å ikkje seia det vidare! Opplevinga på Statsarkivet den gongen kan nok vera ein grunn til mi satsing 40 år seinare på andrehands kjelder. Eg er sjølvsagt vel vitande om Digitalarkivet som etter kvart har gjeve oss godt lesande primærkjelder på internett. Men det har utvika seg etter 1990 og då var min plan klar. Det å ha hatt bygdebøkene som andrehands kjelder i mitt prosjekt har vore føremålstenleg trass i det at dei kan ha manglande opplysningar, til dømes at ætlingane ikkje er der eller at ætlingane ikkje er der fullt ut. Dei opplysningane kan no brukarane kanksje henta inn til dømes frå Digitalverket og skriva dei inn eller korrigera i sine respektive slekter etter å ha lasta dei ned frå Slektsbanken og inn på det tekstbehandlings-programmet som er i bruk på eigen maskin.
Frå omkring 1990 kom det etter kvart bygdebøker frå mange kommunar. I dag har alle for meg aktuelle kommunar i slektssamanheng si bygdebok. Dei gav tenning til meg som 40 år tidlegare hadde prøvt meg på Statsarkivet. Dei lokka meg i retning av denne litt grense-sprengjande slektsgranskinga: Det å driva slekter-i-slekt gransking i større stil med utgangspunkt i bygdebøkene som andrehands kjelder.
Eg har ofte fått høyra at det er så mange feil i bygdebøkene. Mi røynsle gjennom alle desse år er ikkje slik. Min daglege rutine i arbeidet med slektsbanken har vore å verta vist frå ein person i ei bygdebok til ein annnan person i ei anna bygdebok. Svært ofte gjeld eit slikt to-boks problem når ektefeller høyrer til i ulike bygdebøker. Det er berre sjeldan at eg mislukkast i slike tilfelle. Feil i bygdebøkene gjeld mest fødeår og dødsår. Det trur eg ofte kan ha seg slik at når til dømes ein ektemake døyr utanfor si føde-sokn og presten ikkje har fødeår men spør etter alder på den døde, då kan det lett verta ein liten årstals-feil. For min del har eg ikkje gjort dette til eit problem. Som regel vil ikkje feil i årstal vera avgjerande for person-identifikasjonen, som har vore viktigast i mitt arbeid. Rett person i min samanheng har og andre kjennemerke som må stemma, og dei har eg som regel.
Denne snarvegen i mi slektsgransking førde til raske resultat: Slektsbanken vart større og større. Eg vart etter kvart også oppteken av storleiken i seg sjølv: Større og større. Det gjekk sport i mi slektsgransking! Det var då eg kom til å minnast fantasten frå Nordlandene som bygde fabrikk der: Hamsuns August. Han gjekk dagleg på inspeksjon og såg på at bygget vart større og større, og han gledde seg meir og meir. Aberet var: Han visste ikkje kva fabrikken skulle brukast til. Hans glede var driven av det som me i dag vil kalla eit vikarierande motiv. Eg vedgår at det rett som det var, stakk ein August i meg. Men eit mål med meining hadde eg: Slekt for mange.
I dei mange ringjerundane eg hadde i første fase av prosjektet, tok eg og kontakt med Sund kommune. Eg spurde om dei der visste om slektskunnige folk som var i stand til å hjelpa meg å finna ein Hans Olsson Skoge, Skogsvåg som skulle vera far til Olav Hansson Skoge som eg hadde til stamfar på garden Eikeland på Hatlestrand. Svaret i Sund kommune var nei, men der viste dei meg til namngjevne i Skogsvåg. Dei kunne heller ikkje hjelpa men trudde eg måtte ha god von om eg vende meg til Simon Øvretveit i Telavåg.(Simon var ein av dei mange mennene i Telavåg som vart sende i fangenskap i Tyskland etter Telavåg-tragedien 1942) Han hadde svar på mitt problem: Hans Olsson Skoge 1669-1703 var gift med Herborg Knutdtr Nes, Varaldsøy d f 1745. Desse var Simons 4-tipp oldeforeldre, fortalde han. Men det var han ikkje åleine om. Dei var også mine 4-tipp oldeforeldre, fortalde eg. Sjøvsagt eit underleg treff for begge.
Men for Simon kom endå meir. Hans og Herborg hadde to gutar: Olav 1700 og Pål 1702. Pål vart buande på Skoge, men broren hadde han ikkje funne nokon stad. Det var då eg kunne fortelja at han kjøpte gard på Eikeland, Hatlestrand, var gift og hadde stor etterslekt.
Simon hadde ei meining om korleis det hadde seg at Hans Olsson Skoge fann seg kone frå Nes inne ved Mundheim. Med sin historiske lokal-kunnskap meinte Simon å vita at Knut Nes, Herborgs far, som var ein av fleire skogakongar der inne, var og forretningsmann og dreiv skytteltrafikk mellom Nes og Skogsvåg: Trevarer ut, fisk inn. Dette måtte då vera i tida omkring hundreårskiftet 1600/1700. Med den samanhengen høyrdest giftarmålet rimeleg ut.
Endå meir kjem ut av denne kunnskapen: Herborgs far, Knut Sjursson Nes 1653-1735 var gift med Borgny Pålsdtr Havnarås 1659-1740. Ho var dotter til den rike Pål Andersson Havnarås på Hatlestrand. Dermed fekk eg plassert Simon i den store Havnarås-slekta. Dette kan nok vera ei forklaring på at Olav Hansson Skoge fekk seg gard på Hatlestrand.
Gjennom alle år med Slektsbanken har eg hatt munnleg kontakt med svært mange som har forsynt meg med slektsopplysningar. Eg er lei for at tilbakemelding til informantane i form av slektslister kjem så lenge i ettertid. Takk til alle desse gøymde men ikkje gløymde for innskot i Slektsbanken.
Ei rekkje informantar som sjølve har samla og skrive ut lister til ulike slektstreff eller på oppmoding frå meg, har eg kunna nytta meg av i dei store stamtavlene. Desse innskytarane er her namngjevne og fortener stor takk:
| Namn |
Slekt |
| Dahle, Gudrun, Ølve |
Vetledale/Kyvik-slekt,Ølve/Stord/US
|
| Bergefolk i Ølve |
Berge/Tråvik-slekt, Ølve |
| Eikeland, Hans, Oslo |
Eikeland-slekt, Hatlestrand(Hansane) |
| Eikeland, Per, Fana |
Eikeland-slekt, Hatlestrand (Perane) |
| Eriksen, Marta Sigurdsdtr Tyse |
Eriksen/Tyse-slekt, Stord/Hana |
| Førland, Knut, Rosendal |
Lundstre-slekt, Lunde, Stord/USA |
| Grov, Isak, Stord |
Myra-slekt, Myro |
| Grøsvik, Birger, Fana |
Grøsvik/Kyvik-slekt, Stord |
| Gullberg, Jakob, Stord |
Gullberg/Kyvikgjerde-slekt, Stord |
| Gulliksen, Leif, Oslo |
Sagenes-slekt, Ådland, Stord |
| Haugen, Lambrecht, Rosendal |
Meidell-slekt, Håvik, Ølve |
| Haugland, Anders Tobias, Fana |
Hovland/Kyvik/Øye, Varaldsøy-slekt |
| Haugland, Jens, Rennesøy/Gausel |
Haugland/Kyvik-slekt, Stord/USA |
| Kyvik, John, Stord |
Bortveit-slekt, Stord |
| Kyvik, Per A, Stord |
Kyvik/Haugland-slekt, Stord/USA |
| Tyse, Marta Bjarnesdtr, Stord |
Tyse-slekt, Stord |
| Lønning, Arne Dagfinn, Oslo |
Lønning/Roaldstveit-slekt, Ølve |
| Rommetveit, Borghild, Fana |
Rommetveit/Lønning-slekt, Stord |
| Rommetveit, Gina Kristine |
Laukhammar-slekt,Leirvik, Stord |
| Rommetveit, Åslaug, Bryne |
Rommetvedt-slekt, Stord/Sola, Jæren |
| Tjønn, Harald, Stord |
Kjønn-slekt, Hålandsdalen |
| Økland, Jon, Stavanger |
N-Økland/Kyviktre-slekt, Stord |
| Aadland, Harald |
Aadland-slekt, Stord |
| Aadland, Hildegunn Mehl, Fitjar |
Aadland/Mehl/Eskeland-slekt, Fitjar |
Ein gong i 1992 sende eg eit brev til Stord kulturkontor ved Jakob Gullberg og nærmast klaga mi naud: Slektslistene mine var vortne så mange og så lange og så omfattande at det meste var om andre slekter og ikkje om mi eiga. Men no vart det for alvor meir intessant og eg visste ikkje korleis eg skulle stoppa. Det rann over for meg nesten slik det gjorde for trollmannens læregut.
Til Jakob Gullberg skreiv eg at dersom Stord kommune var interessert i listene mine og ville forbarma seg over dei, skulle dei få dei gratis og gratis også det som måtte koma i ettertid. Stord kommune takka ja for tilbodet. Eg vart glad og fegjen og trong ingen trollmann til å stoppa meg. No var det at eg for alvor kunne kasta meg uti ideen om ein slektsbank. Som skrive står tidlegare, banken er no på 38000 listesider, og brukarane kan forsyna seg med det dei finn interessant for seg.
Ein god del år vart Slektsbanken skriven i ei papirutgåve og sett i hyller på Lokalhistorisk avdeling på Stord Folkebibliotek. Dei står der som før og finst i både anetavler og stamtavler, men er ikkje den fullstendige Slektsbanken. Etter kvart som ideen om Slektsbanken på Internett vart forma og realisert og banken etter kvart vart endå større, vart papirutgåva verande status quo, men godt brukande så langt ho rekk.
Me har i lang tid streva med å få ut Internett-utgåva på skikkeleg vis, men no ser det ut for at me kan lukkast.
Og då er det for meg å takka Stord kommune som vart trollmannen som ikkje stoppa meg. Ei særleg takk til Jakob Gullberg som fekk Slektsbanken på gli inn i ei nyttig framtid for folk i slektsregionen, får me tru.
Takk til biblioteksjef Bjørnar Withbro og hans stab som har administrert og jobba med slektsbanken. Dei har sett at ein slektsbank på Internett har sin naturlege plass saman med andre kutur-tilbod på eit Folkebibliotek.
IKT-folket i kommunen er dei som har losa oss inn på Internett. Ei særleg takk til Birgit Almås i den første fasen, til Ole Yttredal og Torleiv Agdestein i ein andre fase, og no sist Marius Hope, Nina Sørli og Kjersti Koppang Sævareid som har vore med på redigering og tilrettelegging for Internett.
Og til slutt: Takk til mi kjære Johanna som tolmodig har halde ut med meg sitjande ved ein PC år inn og år ut.
Hans-Magne Eikeland