Av:
B. Withbro/K. K. Sævareid
Publisert:
24.03.2009
Oppdatert:
23.06.2011
Eventyrstunda er for barn i alderen 4-5 år, og tek om lag ein halv time. Barna får høyra eventyr frå ulike land, og elles består programmet av rim, regler og songar.
Etter eventyrstunda vert det høve til lån. På biblioteket si barneavdeling finst m.a. biletbøker; bøker til høgtlesing, lydbøker og film. Det er vår barnebibliotekar Kari B. Lundal som har ansvar for eventyrstunda.
Kari Bolette poengterer at det å lytta til eventyr; det å sjølv vera aktive lyttarar - det er ei utfordring til fantasien. Den kjente barnebokforfattaren Tor Åge Bringsværd har sagt det slik : "Uten fantasi - ingen tanke". Og det er m.a. fantasi eventyrstundene handlar om. Å fortelja for born er ein fin moglegheit til å vera i dialog med dei. Det oppstår ein skapande prosess i forteljaraugneblinken mellom forteljar og barna. Slik sett kan eit eventyr forandra seg ein del frå gong til gong.
Borna får ulike opplevingar; alt frå gjenkjenning til møte med heilt nye kulturar og framande hendingar. Dei kan òg få innblikk i gamle tradisjonar frå våre forfedre, og som kanskje før har vore heilt ukjente for dei.
Høgtlesing og forteljing er m.a. også svært viktig for stimulering av språkutviklinga.
Elles er det faste rituale i eventyrstundene med song og regler som sentrale ingrediensar. Sidan eventyrstundene er i biblioteket er jo omgjevnadane tilrettelagt slik at foreldra kan låna bøker til barna i etterkant.
Velkomne til eventyrstund!
