Av:
Stord kommune
Publisert:
19.09.2011
Oppdatert:
05.12.2011
Den viktigaste oppgåva ein støttekontakt har er å motivera og leggja til rette for sosialt samver og ei meiningsfull fritid.
Støttekontaktane skal medverka til å byggja nettverk og førebyggja isolasjon og einsemd. Dei skal fungera som brubyggjarar mellom vedkommande og ulike aktivitetar.
Støttekontakt passar for personar av begge kjønn som ynskjer å dela tida si med andre, og som ynskjer ein meiningsfull jobb.
Søkjarar må vera over 18 år.
Fyll ut Søknadsskjema
Dersom skjema er riktig utfylt, skal du få opp ei kvitteringsside når du har trykt på Send-knappen. Dersom dette ikkje skjer, må du sjekka om det er noko du har gløymt å fylla ut. Feil på skjema melder du til: nettsida@stord.kommune.no