Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  18.01.2010 09:18
 
Oppdatert: 27.10.2011 13:45

Trafikksikringsplan

Trafikksikringsplanen for Stord kommune er under revidering. Oppstart av dette arbeidet vart varsla 8. september 2011.

Kommunen sin gjeldande trafikksikringsplan er frå 2004 og komite for næring , miljø og kultur (NMK) har vedteke å rullera / revidera planen.

Planen skal byggja på Statens vegvesen sin rettleiar for kommunale trafikksikringsplanar. Planarbeidet vil omfatta registrering av grunnlagsinformasjon (ulukkesstatistikk , innspel til planarbeidet frå ulike hald m.v), analyse av problemstillingar, framlegg til tiltak og prioritering av desse samt utarbeiding av handlingsplan på både kort og lang sikt.

Kommunen har ansvaret for å samordna alt trafikksikringsarbeid i Stord og må difor spela ei aktiv rolle med å fremja framlegg til tiltak, samt påverka dei prioriteringar som også vert gjort på statlege og fylkeskommunale vegar. Trafikksikringsplanen vil i den samanheng vera det dokumentet som skal synleggjera kva kommunen ynskjer å prioritera.

Trafikksikringsarbeidet omfattar ikkje berre fysiske tiltak på vegnettet, men også i stor grad haldningsskapande arbeid.

Fristen for å koma med innspel til arbeidet med trafikksikringsplanen var 8. oktober 2011.

Gjeldande plandokument

Kontakt Stord kommune

Sentralbord / fax: 53 49 66 00 / 01

E-post: post@stord.kommune.no

Nettprat med kundetorget (9-15)

Kundetorget i rådhuset er ope

08:00-15:30

Stord kommune
Rådhuset, Borggata 2
Postboks 304
5402 Stord
Kontonummer: 6519 05 13070
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Telefon: 53 49 66 00
Telefaks: 53 49 66 01
E-post: post@stord.kommune.no
Organisasjonskart - adm
Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo

 

Nettstadkart

Ansvarlig redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Nina Sørli
Teknisk ansvarlig: Leif-Arne Helland


Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen PROKOM