Av:
Stord kommune
Publisert:
30.11.2009 16:30
Oppdatert:
25.10.2010 09:04
Reiselivsplan for Stord
Stord kommune sin reiselivsplan vart godkjent av Komité for næring og utvikling 3. november 2004.
Hovudmål i planen
Det overordna målet med Stord kommune si reiselivssatsing er å gjera kommunen til ein attraktiv stad å feriera og å leggja store arrangement til, vidare å auka sysselsetjinga i reiselivsnæringa og stimulera til høg kvalitet på tilboda som blir gjevne.
Delmål
- Auka opphaldstida for småbåtturistane og få fleire til å overnatta her
- Medverka til at gjestene vert meir tilfredse, og at ein dermed få ein større grad av gjenkjøp
- Få fleire gjennomreisande til å stoppa og nytta seg av tilboda på staden
- Tilby eit variert spekter av opplevingstilbod
- Ha god kvalitet på funksjonane for vertskap
Plandokument
Reiselivsplan for Stord