Av:
Stord kommune
Publisert:
30.11.2009 17:00
Oppdatert:
25.10.2010 09:03
Det er forventa ei gradvis auke av behov for tenester framover innan helse, rehabilitering og pleie og omsorg. Denne auken vil skyta fart etter planperioden, særleg innan eldreomsorga.
Fram til 2020 er difor ein relativt roleg periode, som er viktig å utnytta, byggja ut og leggja til rette for å kunne møta dei framtidige utfordringane.
Planen er ufullstendig i høve tiltak til personar med utviklingshemming. ”Sagvågsprosjektet” arbeider med dette området og kjem med sluttrapport i september 2008.
Planen startar med ei innleiing, for så å omtala rammene og lovverket tenestene har rundt seg. Det er så laga ei oversikt over dagens tenestetilbod, med utfordringar ein ser framover. Vidare kjem ei oversikt over tilsette, om samarbeid og om brukarmedverknad. Dette munnar ut i ein handlingsplan for perioden.
Plandokument
Rehabilitering, helse og omsorgsplan 2009-2020