Av:
Stord kommune
Publisert:
16.04.2009
Oppdatert:
23.06.2011
Stord kommunestyre vedtok i 1988 å etablera eit formelt venskapssamband med Hangø i Finland. Via dette sambandet er også Halmstad i Sverige og Gentofte i Danmark etablert som venskapskommunar.
Sidan 1989 har Stord kommune hatt eit venskapssamarbeid med Comalapa kommune i Guatemala. I 1995 og 1997 anerkjende Stord kommune og Comalapa kommune kvarandre som offisielle venskapskommunar.
Føremålet med venskapskommunesamarbeidet er ikkje berre høvet til kulturell og sosial utveksling. Det er også erfaringsutveksling innan ulike fagområde, t.d lokal administrasjion, kommunale serviceytingar, utdanning, sosiale forhold, byplanlegging, miljøarbeid og energi.
Særleg har kontakten og samarbeidet med Comalapa utvikla seg gjennom ulike utviklingsprosjekt. I 2002 fekk Stord og Comalapa høve til å begynna gjensidig langtidsutveksling med støtte frå Fredskorpset. Stord kommune og Comalapa er frå 2008 med i NORAD og KS sitt kommune-til kommuneprogram (MIC).