Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Nina Sørli
Publisert:  06.07.2010
Foto: Legesekretær i laboratoriet
Oppdatert: 31.08.2011

Helsetenester

Studentar har rett til dei same helsetenestene som andre innbyggjarar.

Fastlege

Alle studentar bør ha fastlege på den staden dei bur mesteparten av tida. Difor oppfordrar Stord kommune til at du finn deg ein fastlege her. Du kan fritt velja mellom fastlegar som har ledig kapasitet på listene sine. Fastlege finn du på MinFastlege.

Helsefond

Studentsamskipnaden har oppretta Helsefond der du søkja støtte dersom du har store utgifter på grunn av sjukdom, skade eller eit handikap.

Det kan vera utgifter til eigendelar ved lege- og psykologbesøk, eigendelar på blå resept, kjøp av briller eller linser, tannbehandling, fysikalsk behandling, transport bustad-skule etter skade (legehenvisning), m.m.

Les meir om helsefond på høgskulen sine heimesider

Stord Legevakt

Medisinsk naudtelefon

Ring 113 ved livstrugande sjukdom og større ulukker. Naudtelefonen er open heile døgeret.

Legevaktsentralen

Tlf. 53 41 63 00 (Stord sjukehus). Her skal ein få svar heile døgeret.

Legevaktkontoret

Tlf. 53 41 63 00 i opningstida.
Legevakta held til ved hovudinngangen på Stord Sjukehus (kart)

Stord kommune
Rådhuset, Borggata 2
Postboks 304
5402 Stord
Kontonummer: 6519 05 13070
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Telefon: 53 49 66 00
Telefaks: 53 49 66 01
E-post: post@stord.kommune.no
Organisasjonskart - adm
Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo

 

Nettstadkart

Ansvarlig redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Nina Sørli
Teknisk ansvarlig: Leif-Arne Helland


Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen PROKOM