Av:
Stord kommune
Publisert:
12.05.2011
Oppdatert:
23.06.2011
Slektsgransking, også kalla genealogi, er søking i historisk kjeldemateriale etter forfedrane og etterkomarane til ein person eller ein familie.
Kjeldematerialet for slektsforsking i Noreg er ofte kyrkjebøker og folketeljingar. Det kan òg vera juridiske dokument (tinglysingar, dommar, matriklar m.v.) og lensmannsprotokollar, passasjerlister, skattelister, skular, helsevesenet, militærvesenet og munnlege overleveringar.
Dei aller fleste norske kommunar har bygdebøker, der du kan finna oppsett med opplysningar om kvart gardsbruk og folket som har budd der.
Dersom du vil finna opplysningar om slekta di, kan du jo starta med desse kjeldene:
Bildet: Ole og Adina Sørli framfor huset sitt på Nordhuglo, ca 1950.