Bakgrunnen for dette arbeidet var målsetjinga i kommuneplanen om at innbyggjarane skal ha høve til å gjera seg kjende med den lokale historia, og at bygdesoga difor burde skrivast på ny.
Etter den opphavlege planen for det lokalhistoriske verket skal det gjevast ut både ei allmenn lokalsoge og ei busetnadssoge.
Allmenn lokalsoge
Den allmenne lokalsoga "Stord frå steinalder til oljealder" kom ut i tre band i 2005-2006. Dette verket tek for seg Stord si samla samfunnshistorie frå så langt attende som det finst spor etter menneske og fram til i dag.
Lokalhistorisk prosjektgruppe har sidan 2000 vore ansvarleg for arbeidet med verket og redaksjon for bøkene. Medlemer er: Egil Nysæter (leiar), Guri Andresen Aksnes (sekretær), Jakob Gullberg, Anstein Lohndal og Nils Tore Økland. Kontakt: egilnysaeter@hotmail.com
Plan for ny busetnadssoge
Komiteen for miljø og kultur bad i 2007 den lokalhistoriske prosjektgruppa å ”halda fram med arbeidet med eit forprosjekt for ei busetnadssoge (gards- og ættesoge)” med tanke på finansiering av prosjektet på komande budsjett.
Busetnadssoga skal fortelja historia om kvar matrikkelgard (gardsnummer) og kvar bustad (bruk, tomt, husmannsplass) med tilhøyrande personopplysningar knytt til husstand eller familie fram til i dag.
Det er planlagt fire trykte band delt slik:
- Huglo og Nordbygdo
- Leirvik og gardane omkring
- Sørbygdo
- Sagvåg og Litlabø
Det er tenkt eigne grendelagskapittel saman med bolkar for kvart gardsområde og folket som har budd og bur der.
Minimumsopplysningar for kvar person er noverande og tidlegare namn, fødselsår og evt. dødsår, fødestad og seinare bustad med eventuelle tilvisingar til andre bygdebøker, og yrke.
Finansiering
Busetnadssoga vart i 2009 kalkulert til to årsverk pr. band med ein bruttokostnad alternativt på 9,2 - 9,9 millionar kroner (salsinntekter ikkje frårekna) med to eller ein forfattar. Komitéen for næring, miljø og kultur merkte seg dette kostnadsoverslaget i sak 37/2009 som eit grunnlag for budsjettarbeidet.
Det er ikkje funne plass til arbeidet med busetnadssoga på kommunebudsjettet så langt. Prosjektgruppa arbeider i mellomtida med å få samla inn eller lagt til rette viktig kjeldemateriale. I 2008 vart det som ein prøve utarbeidd gardssoge for gnr. 62 Petateigen.