Av:
Stord kommune
Publisert:
19.01.2012 00:00
Oppdatert:
17.01.2012 13:46
Den vedtekne kommuneplanen omfattar samfunnsdel og arealdel og består av tekstdel og plankart med tilhøyrande føresegner, retningsliner og vedlegg. Kommuneplanen sin arealdel viser hovudtrekka i arealdisponeringa og rammer og vilkår for kva nye tiltak og ny arealbruk som kan setjast i verk, og kva viktige omsyn som må ivaretakast ved disponering av areala.
Kommunestyret sitt vedtak er endeleg og kan ikkje påklagast, jf. Plan- og bygningslova § 11-15
Plandokument
Plandokumenta kan og sjåast hos Regulering, byggesak og oppmåling i Rådhuset, Leirvik